torsdag 28. februar 2013

Black n white - guttebukse str 2-2 1/2 år

Da er eg endelig ferdig med eit nytt klesplagg.
Ei guttebukse,
sydd av ei herreskjorte,
Smale striper i svart og kvitt.
 Det var vanskelig å ta gode bilder av dette stoffet -
og i lyset frå ein "gråversdag".
Siste bildet viser best korleis stoffet er.
Det er ganske tynt, og luftig.
Flott med strømpebukse under på kalde dager,
og luftig og lett på varme dager.
Ei "tøff-finbukse"
 I linninga er det både strikk og knytebånd.
Knappane er berre til pynt :-)
 Nederst på føttene er det strikk.
Og stripene på stoffet går andre veien.
Til salgs for kr. 200,-
 
Ps. Vil du sjå nokon av kleda, og kjenne på stoffet :-)
så er du velkommen til det!
 
Du kan ta kontakt på epost
 
eller via facebook sida mi,
på innboksen.

fredag 8. februar 2013

Vimpelrekke med navn

Det var kjekt å finne fram symaskina igjen.
Denne gangen vart det sydd bursdagsgave.
 
Vimpelrekke til ei prinsesse som fylte 3år.
I lyse rosafarger,
og med bokstavene malt på i sølv,
med stoffmaling.
 Eg har brukt "silkebånd" til bånd.
 Pga. sjukdom, har vi ikkje fått gitt gava enda...
Håper den fell i smak.
 
Har du lyst på vimpelrekke?
 
Ta kontakt på
 
eller på innboksen på

lørdag 2. februar 2013

Ulveører

I dag fekk eg besøk av niesa mi.
Ho skal kle seg ut som ulv
i eit utklednings bursdagsselskap.
Ho trengte ører....
 Eg hadde akkurat klipt sund ei skjorte,
som eg har tenkt å sy guttebukser av.
Eg klipte av fremste delen på skjorte ermene.
Det blei ører.
Den lange biten frampå skjorta, med alle knappehullene på,
blei bandet som vi sydde ørene fast på.
Vi gjorde det enkelt, så dei er ikkje fora...
Men jenta vart fornøgd.
Her er min vakre niese.
Ulve nasen har ho laga sjølv - ho har god fantasi, og er kreativ.
Ser du likhet?